Guide til språkstøtte

Guide til språkstøtte på arbeidsplassen

Denne guiden er laga for å gi arbeidsplassen nokre reiskap til å gi deira framandspråklege tilsette støtte i å utvikle sine ferdigheiter i norsk språk. Gjennom å utvikle sine språkferdigheiter vil arbeidstakarar med fleirkulturell bakgrunn kunne utvikle seg til å bli gode ressursar for norske arbeidsplassar.

Ein språkmentor bør vere ein person som er:

  • Tolmodig og hjelpsam
  • Tillitsvekkjande
  • God til å kommunisere med alle typer menneske
  • God til å lære frå seg til andre
  • Har god kunnskap om arbeidsplassen

Du kan gi språkleg støtte ved å:

  • Motiver språkpraktikanten til å ta del i det sosiale livet på arbeidsplassen i pausane og dersom det er aktivitet på kveldstid som til dømes bedriftsidrettslag og andre sosiale hendingar.
  • Motiver språkpraktikanten til å stille spørsmål når det er noko som er uklart for han eller henne.
  • Hjelp henne/han med å skrive ned nye ord. Så kan dei slå opp orda i ei ordliste heime.
  • Send med praktikanten skriftleg informasjon frå arbeidsplassen til skulen slik at praktikanten kan jobbe med dette også på skulen. Dette kan vere arbeidsplanar, sikkerheitsreglar, instruksar ol.

Du som mentor må vere merksam på

  • At praksiskandidaten ver kjend med, og held dei vanlege normene som er på norske arbeidsplassar. Mellom anna å kome presis( Dette er noko vi legg stor vekt på i norskopplæringa), meelder frå ved sjukdom, viser initiativ, respekterer arbeidstida. (kjem til rett tid, held tida i pausane og går til rett tid.)
  • Praktikanten kan ha lite fagleg erfaring og lite vand til fysisk arbeid.
Å lære norsk

For å lære norsk er det sjølvsagt viktig å opphalde seg dagleg i eit miljø der det vert snakka norsk. Men dette er ikkje tilstrekkeleg til å utvikle eit språkleg nivå som er godt nok til å kunne fungere tilfredstillande på ein arbeidsplass. Manglande språklege ferdigheiter kan hindre at arbeidsplassen får fult utbytte av den kompetansen som medarbeidaren har. Det kan og føre til mistydingar som kan medføre kostnadar for verksemda.

Det er med andre ord svært viktig å vere god i norsk for å kunne klare seg godt i den norske arbeidsmarknaden.

Å bli god i norsk krev aktiv og målretta innsats og ein stor grad av tolmod – frå begge partar.

Kven er aktuelle for språkpraksis i mentorordninga?

Volda læringssenter er avhengige av eit godt samarbeid med arbeidsplassar i kommunen for å få til ei god språkopplæring. Alle som Volda læringssenter ynskjer å få til ein språkpraksisplass til er flyktningar med opphald i Noreg og som er busette i Volda kommune. Asylsøkjarar har ikkje dette tilbodet. Det er difor personar som skal bu og leve sine liv i vårt lokalsamfunn. Dei har sterke ønske om å få seg arbeid og kunne bidra til lokalsamfunnet. Men dei treng litt hjelp for å kome i gang med det nye livet i Volda.

På Volda læringssenter har vi personar som har svært ulike føresetnadar for å lære norsk. Nokre er analfabetar – det vil sei at dei ikkje har lært å lese og skrive på sitt eige morsmål, eller at dei ikkje er kjende med å bruke vårt alfabet. Desse kan ha eit munnleg norsknivå på ulike nivå.

Vi har nybyrjarar – det vil sei at dei kan bruke vårt alfabet, men enda ikkje har hatt så mykje norskopplæring.

Så har vi vidarekomne som har kome eit godt steg på vegen med lære seg norsk både munnleg og skriftleg.

Våre elevar som er aktuelle for ein språkpraksisplass vil vere elevar som har kome er i gang med å lære norsk. Dei vil ikkje vere analfabetar eller nybyrjarar.

Mentorordning

Erfaring frå mellom anna Danmark viser at bruk av språkmentor i bedrift har gode resultat. Å lære eit nytt språk tek tid og mentorstøtta språkpraksis kan være eit godt verkemiddel i tillegg til den ordinære norskopplæringa ved Volda læringssenter. Mentoren si rolle er å hjelpe praksiskandidaten med den sosiale og språklege integreringa på arbeidsplassen, i tillegg til å dele erfaringar om norsk arbeidskultur og skriven og utskrivne reglar i arbeidslivet. Det er viktig at mentoren er ein person som sjølv ynskjer å vere med på dette for å medverke til å auke moglegheita til praksiskandidaten å lykkast i det norske arbeidslivet.

Ein språkmentor bør vere ein person som er:

  • Tolmodig og hjelpsam
  • Tillitsvekkjande
  • God til å kommunisere med alle typer menneske
  • God til å lære frå seg til andre
  • Har god kunnskap om arbeidsplassen

Du kan gi språkleg støtte ved å:

  • Motiver språkpraktikanten til å ta del i det sosiale livet på arbeidsplassen i pausane og dersom det er aktivitet på kveldstid som til dømes bedriftsidrettslag og andre sosiale hendingar.
  • Motiver språkpraktikanten til å stille spørsmål når det er noko som er uklart for han eller henne.
  • Hjelp henne/han med å skrive ned nye ord. Så kan dei slå opp orda i ei ordliste heime.
  • Send med praktikanten skriftleg informasjon frå arbeidsplassen til skulen slik at praktikanten kan jobbe med dette også på skulen. Dette kan vere arbeidsplanar, sikkerheitsreglar, instruksar ol.

Du som mentor må vere merksam på:

  • At praksiskandidaten ver kjend med, og held dei vanlege normene som er på norske arbeidsplassar. Mellom anna å kome presis( Dette er noko vi legg stor vekt på i norskopplæringa), meelder frå ved sjukdom, viser initiativ, respekterer arbeidstida. (kjem til rett tid, held tida i pausane og går til rett tid.)
  • Praktikanten kan ha lite fagleg erfaring og lite vand til fysisk arbeid.

I det fyljande vil vi kome med nokre meir utfyllande konkrete råd til korleis ein på best mogleg måte kan medverke til at språkpraktikanten får størst mogleg utbytte av språkpraksisopphaldet.

Arbeidsinstruksjonar

Det er viktig at språkpraksiskandidaten forstår dei instruksjonane som du gir. Det kan ofte vere vanskeleg å forstå kva du som mentor ynskjer å formidle og det kan vere eit problem at nokre svarar «ja eg forstår» sjølv om dei ikkje gjer det. Dette fordi dei ikkje ynskjer å vere til bry eller at dei ynskjer å vere høfleg.

Det er difor viktig at ein avklarar med språkpraksiskandidaten at ein svarar Ærleg på spørsmålet om ein har forstått ein instruksjon eller ikkje. Mistydingar kan føre til alvorlege feil som i verste fall kan vere svært kostbare for bedrifta eller til skade for helse, miljø og sikkerheit.

Det er difor svært viktig at du utrykkjer deg presist og ikkje snakkar for fort når du skal gi instruksjonar til ein person som ikkje er norsk. Prøv å bruk korte setningar og snakk tydeleg. Det kan vere lurt å ta ei lita pause mellom kvar setning fordi å forstå kva som blir sagt kan ta litt tid. Ved å ta korte pauser aukar sjansen for å at alle delar av arbeidsinstruksjonen vert forstått.

Ungå å bruke språklege bilder og gi instruksjonar som spørsmå. Til dømes kan du tenke deg å gjere … Sei heller du skal gjere dette. Arbeidsintsruksjonar bør vere konkrete og visast i praksis i tillegg til at du fortel kva som vert forventa at praksiskandidaten skal gjere.

  • Vis korleis arbeidet skal gjerast samtidig som du forklarar med eit enkelt språk kva du gjer. Gjenta nokre gongar slik at du er sikker på at kandidaten forstår kva du meinar.
  • Be kandidaten om å vise deg korleis arbeidet skal utførast – be gjerne om at han eller ho fortel med ord kva dei gjer samtidig. Dersom ikkje norskkunnskapane enda er så gode at han eller ho klarer det så kan du fortelje kva ho eller han gjer medan arbeidet vert utført. Gjenta denne prosedyren over fleire dagar til kandidaten sjølv er i stand til å sette ord på kva han eller ho gjer. På denne måten lærer kandidaten både språk og kva som er forventa at dei skal gjere.
  • Rett på språket dersom det er misstydingar eller feil i uttale.
  • Hjelp dei gjerne med å skrive ned lengre instruksjonar eller prosedyreer som skal gjentakast.
  • Det kan vere eit godt hjelpemiddel å lage ein arbeidsplan der dei daglege arbeidsoppgåvene er skrivne ned. Det gjer det mogleg for kandidaten å arbeide med språket heime og i timane på skulen.
  • Prøv å bruk ein fast språleg måte kvar gong du skal gi nye instruksar om nye arbeidsoppgåver. Bruk korte setningar unngå unødige ord som berre fyller opp setningane.

For eksempel:

«Du skal skubbe handtaket opp»

«du skal trykke handtaket ned»

«Du skal sette dei med lengst dato bakerst i hylla»

  • Det kan vere ein fordel at kandidaten får nytte mobiltelefonen til å ta bilder eller film av korleis arbeidsoppgåvene skal utførast. Dette kan også nyttast i språkopplæringa på skulen.
  • For språksvake elevar kan det vere ein ide å merke arbeidsoppgåver med tal i den rekkefølge dei skal utførast.

Ver merksam på at nokre kulturar ikkje har tradisjon for at sjefen eller nærast gir ordre i form av spørsmål som td. «vil ikkje du starte maskinen» eller «Skal ikkje vi ta ei pause?» det vert tolka som ytringar og ikkje som ein tydeleg beskjed.

Arbeidsprosessar

Det er god språktrening i å forklare andre kva ein gjer. Det er difor ein god ide å snakke med kandidaten om kva ein gjer og kva det heiter på norsk.

  • Du kan til dømes skrive ned kva for arbeidsoppgåver kandidaten utfører på ein normal dag. På den måten lærer h o eller han korleis arbeidsprosessane vert omtala på norsk.
  • Du kan støtte teksten med bilder eller video.bilder kan printast ut ved Volda læringssenter så kan ein skrive på bilda kva han eller ho gjer. Bilda kan nyttast i å øve inn rekkefølge i ein arbeidsprosess. Dei kan og nyttast for kandidaten til å øve om å fortelje om rekkefylje for dei ulike arbeidsprosessane.
  • Prøv å sett ord på det du gjer saman med kandidaten. Snakk i heile setningar og be han eller ho om å gjere det same.
  • Når dokke har vorte vande med å sette ord på kva ein gjer kan ein utvide språktreninga med å fokusere på kva ein gjer no og etterpå kva har vi gjort. Slik øver ein inn omgrep for notid og fortid. Til dømes for ein halv time sidan gjor eg… Kan også utvidast med å bruke omgrep om framtid. Kva skal vi gjere i dag – i morgon – seinare skal eg…

Til dømes

Kva gjer eg no:

«Eg setter varer i hylla»

«Eg vaskar golvet»

Kva har eg gjort:

«Eg har tørka av bordet»

«Eg har fylt på melkehylla»

Fagutrykk

Fagutrykk er knytt til bestemte arbeidsområde. Slike ord finn ein sjeldan i vanlege ordbøker. Ein treng difor andre metodar for å lære slike ord.

  • Lag ei liste over dei vanlegaste fagutrykka på din arbeidsplass. Ei slik liste kan, når den først er laga, nyttast til nye medarbeidarar – også norske.

Ordlista kan ein bruke til dømes til

  • Gå gjennom lista litt og litt – til dømes ti ord i gangen.
  • Be praktikanten om å omsette lista til eige språk.
  • Repeter orda i konkrete samanhengar til dømes sprø kva gjer du no? Kva heiter det) kva brukar vi dette til?
  • Lag gjerne klistermerke med ord frå ordlista som du limer på ulike gjenstandar og maskiner. På den måte møter kandidaten orda i sine rette samanhengar.
  • Be kandidaten ta bilde av arbeidsoppgåver og gjenstandar som er knytt til dei ulike ord og omgrep på ordlista. Då kan kandidaten øve h eime og på skulen.
  • For dei som er svake kan det vere ei god hjelp at dei med eigne ord fortel kva han eller h o gjer og kva dei ulike gjenstandane vert brukt til. Hjelp dei gjerne med ord og uttrykk om dei har behov for det.
  • Ikkje ver redd for å hjelpe kandidaten med ord når dei leitar etter orda
  • Ordlista bør kandidaten få ein kopi av slik at han /ho kan øve heime og på skulen
Notatbok

Å skrive ned nye ord og uttrykk –også frå den meir uformelle sosiale delen av praten er ei god hjelp til å øve på språk. Alle språkpraksiskandidatane har difor ei lita notisbok som dei kan skrive i. Denne skal nyttast i språkundervisinga på skulen.

  • Verdien av notisboka aukar i verdi dersom du oppmodar kandidaten til å bruke den flittig.
  • Hjelp gjerne med å skriv nye ord, eller stav vanskeleg ord.
  • Be kandidatane om å slå opp ord på telefonen
  • Spør gjerne jamleg om nye ord og uttrykk. Gjentaking fremmar forståing og tvingar kandidaten til å nytte språk og nye ord
  • I starten bør ein konsentrere seg om få ord – mange nye ord kan skape forvirring
Pauseprat

Det er svært viktig at språkpraksiskandidaten vert invitert med i det sosiale livet på arbeidsstaden. Prøv så langt det let seg gjere å ta pause samen med deg og andre kollega. Du vil truleg oppleve at språkpraksiskandidaten er tilbakehalden i ei gruppe der det vert snakka norsk. Det skuldast at dei har vanskar med å oppfatte dei norske orda når det er mange som snakkar og det vert snakka fort gjerne på ulike dialektar.

Tips til korleis du kan hjelpe dei i gang:

  • Prøv å trekke han/ho i praten ved at du stiller spørsmål til han eller henne om det temaet som det vert snakka om kring bordet. Det er bra for ein utlending å bli trekt med både sosialt og språkleg. På denne måten vert han/ho aktivisert til å lytte meir aktivt til kva dei andre kring bordet seier. Passiv lytting har avgrensa verdi for språkutviklinga fordi ein treng ikkje forholde seg til det som vert sagt. Ved å trekke dei inn i samtalen gjennom spørsmål vert dei tvinga til å lytte meir aktivt. Du kan til dømestrekke dei inn i samtaletemaet med å spørje korleis gjer de dette i heimlandet ditt? Kva synest du om måten vi gjer dette på her i landet? Kva tenkjer du om dette?
  • Prøv å finn tema der du og din utanlandske kollega har felles interesser. Spør om kva interesser han eller ho har og prøv å få i gang ein samtale om det de har til felles. Det kan vere familie, barn, mat, sport(dei fleste menn har eit forhold til fotball og eit favorittlag. Dette kan ein lett få i gang ein samtale om) fisking, nyheiter, hus, ferie, reise, filmar, musikk, kva ein har planar om å gjere på kveldstid eller i helga osv.
  • Bruk gjerne pausane til å snakke om viktige hendingar på arbeidsplassen og uskrivne og skrivne reglar i norsk arbeidsliv.
  • Dersom han eller ho set seg mykje for seg sjølv eller dersom det er andre som ikkje snakkar norsk på arbeidsplassen, prøv å legg til rette for at dei også får sitte saman med andre norske kollega.
Skrifteleg informasjon

På ein arbeidsplass er det frå tid til anna skrifteleg informasjon som oppslag eller brev til tilsette. Skriftleg informasjon kan ofte ha eit formelt og vanskeleg språk som kan være vanskeleg å forstå for dei som ikkje kan norsk.

Hjelp språkkandidaten til å forstå skrifteleg informasjon ved til dømes å:

  • Gul ut det som du ynskjer at kandidaten skal legge særskild merke til: til dømes

-tid og stad for eit møte

-Kva møtet handlar om

-informasjon om pris ol.

  • Prøv å skriv den skriftlege informasjonen i eit dagleg språk utan for lange setningar. (dette kan og vere til hjelp for norske medarbeidarar som kan ha utfordringar med å lese)
  • Ver merksam på at nokre skrifttypar kan vere vanskeleg å lese når du ikkje er stødig i norsk. Unngå kursiv
  • Dersom det er vanleg at viktig informasjon vert kunngjort gjennom oppslag er det viktig at språkpraksiskandidaten får informasjon om kvar oppslagstavlene er og at det er hennar/hans eige ansvar å sjekke om det er nye oppslag. Dette er ikkje sjølvsagt for alle.
  • Spør om ho eller han treng hjelp til å forstå skrifteleg informasjon.
Ord og uttrykk

I det norske språket nyttar vi ofte ulike ord og utrykk og ordtak når vi skal kommunisere med kvarandre. Desse er språklege bilde som vi nordmenn har fått innøvd heilt sidan vi var små. Slike bilder gir ofte presise og maleriske bilde av det vi ønsker å få fram. For dei som ikkje er så flinke i norsk kan det vere vanskeleg å forstå slike språklege bilde.

Tenk over vanlege utrykk som er i bruk på dykkar arbeidsplass.

Til dømes:

  • Å skjelve i buksene
  • Det er eit blodslit
  • No må vi legge hovuda i bløt
  • Han har spisse olbogar
  • No er han grisete ute

Slike utrykk gir det lite meining å prøve å forstå konkret. Du må difor prøve å forklare kva dei ulike utrykka betyr. Praktikanten har truleg liknande utrykk på eige språk.

Dersom det er utrykk som ofte vert nytta på arbeidplassen kan det vere ein ide å skrive dei ned i notisboka slik at han/ho kan øve på dei heime eller på skulen.

Snakk gjerne om kandidaten har liknande utrykk på eige språk.

Ver merksam på at vi nordmenn gjerne nyttar ironi når vi snakkar. Dette kan vere vanskeleg for nokre språkpraktikantar fordi mange kulturar ikkje nyttar ironi.

Teamarbeid

I Noreg er det vanleg at vi jobbar saman i sjølvstyrte team der kontakta med sjefen er relativ sjeldan. Dette kan vere ein måte å jobbe på som for mange frå andre kulturar er heilt ukjend. Dei er ofte vande til å halde få ordre direkte frå ein sjef. Det norske systemet er prega av flat struktur der sjefen er meir kollega og vegleiar en ein autoritær sjef, slik dei kanskje er vande med frå heimlandet.

Teamarbeid stiller og krav til språkferdigheiter til deltakarane. Nokre teamarbeid vert det arrangert morgon-møte for å fordele oppgåver for dagen og gjere avtalar om korleis og kven som gjer kva. Å delta på lik linje med norsktalande på eit slikt møte krev gode språklege ferdigheiter. Du vil difor kunne oppleve at språkpraktikanten tek ei passiv rolle på slike teammøter og berre ventar på å få vite kva dei andre på teamet har bestemt.

Dettekan føre til at dei praktikanten sine evner og kompetanse, som teamet kanskje kan ha nytte av ikkje vert uttrykt. Ver merksam på at det ikkje er samanheng mellom ferdigheiter i språk og kandidaten sine generelle evne.

Pass på å ikkje ha som mål at praksiskandidaten skal forstå alt som vert sagt på eit teammøte. Det vil ta for lang tid og ta fokus bort frå det som er føremålet med møtet.

Nokre tips som kan medverke til at han/ho kan få meir ut av teamsamarbeid:

  • Forklar kvifor de jobbar i team og kva som ligg bak dei beslutningane som teamet gjer. Det er viktig å forstå hierarki og samarbeidsrelasjonar på arbeidsplassen.
  • Bruk tavle eller flippover og skriv ned punktvis det som vert diskutert på møte. Det kan gjere det lettare å forstå kva som vert snakka om. Det kan vere eit godt verkemiddel for å strukturere diskusjonen også for dei norske medarbeidarane.
  • Skriv ned viktige fagutrykk som vert nytta ofte. Desse kan med fordel illustrerast ved hjelp av bilete.
  • Teammøte kan filmast slik at praksiskandidaten kan kike gjennom opptaket h eime eller på skulen for å jobbe med å forstå kva som vert diskutert.
  • Sørg for at kandisten forstår beslutningar og instruksjonar som vert fatta på møtet. Skriv ned.