Fase 2 Undervegs

I fase 2 – Undervegs – er hovedfokuset at mentor får opplæring i:
1) Korleis fylgje opp medarbeidaren undervegs – med mål betre språkopplæring
2)  Korleis fylgje opp medarbeidaren undervegs – med mål betre innsikt i norsk arbeidslivskultur

Fase 2 handlar om oppfylgjing av praktikanten undervegs i praksisopphaldet.

I denne fasen vil mentor få opplæring i:

1. Nyttige tips for mentorstøtte som skal sikre rask og effektiv språklæring
2. Nyttige tips for mentorstøtte som skal gi kandidat god innsikt i norsk arbeidslivskultur

 

INNLEING – KORLEIS FYLJE OPP DEN NYE MEDARBEIDAREN UNDERVEGS

Det er viktig at mentoren har regelmessig kontakt med praksiskandidaten.
Korleis praksiskandidaten vert følgt opp vil variere frå verksemd til verksemd.
Myke er også avhengig av kva type arbeidsoppgåver som skal utførast og dei retningslinjene og reglane som fyljer jobben og arbeidet i verksemda.

For at praktikanten skal få best mogleg utbytte av praksisopphaldet er det bra om mentoren jamleg ser til at praksiskandidaten:

  • utfører dei arbeidsoppgåvene som skal utførast og får nødvendig hjelp
  • få moglegheit til å praktisere norsk munnleg
  • får samtale med mentor om dei skrivne og uskrivne reglane for å lukkast i norsk arbeidsliv.

Din kontakt ved læringssenteret vil også ha regelmessige samtalar med mentoren og praksiskandidaten. I tillegg vil det verte sett av tid i undervisninga ved læringssnteret til å jobbe med ulike tema knytt til språkpraksis. Men om mentor tek opp liknande tema i prakis vil dette forsterke læringa til praksiskandidaten.

I det fyljande kjem nokre forslag på tema for at du kan følge opp praksiskandidaten slik at vedkommande får best mulig språkutbytte av praksisopphaldet samt tips til samtale og oppfølging som gjer praktikanten god innføring i skrivne og uskrivne reglar i det norske arbeidslivet:

 

1. NYTTIGE TIPS FOR MENTORSTØTTE SOM SKAL SIKRE RASK SPRÅKLÆRING

Hovudformålet med praksisopphaldet er at praktikanten lærer seg språket raskt og effektivt.

Praktikanten vil naturligvis få oppfølging frå det lokale læringssenteret..

Det viktigaste du kan gjere som mentor er:

  1. Snakke med praktikanten regelmessig
  2. Syte for at praktikant får arbeidsoppgåver og er med på pausar og liknande sosiale møteplassar i løpet av arbeidsdagen som gjer at han/ho får praktisert språket.

Brosjyra «Guide til språkstøtte på arbeidsplassen» (kan lastes direkte fra linken i høyre sidekolonne) gir mentoren praktiske tips for korleis språkopplæringa kan gjerast så effektivt som mogleg.

 

2. NYTTIGE TIPS FOR MENTORSTØTTE – INNSIKT I NORSK ARBEIDSLIVSKULTUR

Ei av dei mest givande oppgåvene til mentor er å medverke til at praktikanten ikkje berre får språktrening, men også hjelpe praktikanten med å forstå kva for uskrivne og skrivne regler som gjelder norske arbeidsplassar.

Dei skrivne reglane vert gjerne gjort kjende til arbeidstakarane automatisk gjennom arbeidsavtale og/eller opplæring. Mentor kan gjerne gi praksiskandidaten utskrift av ulike skrivne reglar og rutiner slik at han/ho kan jobbe med desse på skulen.

Dei uskrivne reglane er knytt til dei forventningane ein har til ein arbeidstakar som tilsett og kollega. Dette er reglar som ein arbeidsgjevar forventar at arbeidstakaren rettar seg etter. Slike forventningar kan vere om arbeidstid og fråvær, fleksibilitet og sjølvstende, kommunikasjon, leiarstil og medarbeidarkultur og verdiar på arbeidsplassen.

Vi rår til at du bruker vedlagte «TIPSLISTE 3- SKRIVNE OG USKRIVNE LOVER»  (kan lastast direkte fra linken annan stad på sida) som et utgangspunkt for samtale med praktikanten. Punkta som er nemnde i tipslista er gyldige på dei fleste norske arbeidsplassar.

Eit par tips til korleis læringa kan skje best mogleg når du fyljer opp praktikanten:

  1. Prøv å oppmuntre praktikanten til å sette seg inn i reglane i tipslista.Forklar at dette er smarte råd å følgje dersom ein ynskjer å lukast med å få jobb i den norske arbeidsmarknaden.
  2. En idé kan være at du tek utgangspunkt i eit par av punkta i kvar regelmessig samtale og snakkar om på kva måte deltakaren kan kjenne att desse på praksisplassen.


Sjekk konkrete nyttige tips i vedlegga:
(kan lastast ned direkte til din pc/mobil frå link annan stad på sida)

  1. Guide til språkstøtte på arbeidsplassen
  2. TIPSLISTE 3: Samtalepunkter – skrevne og uskrevne lover