Fase 1 Oppstart

I fase 1 – Oppstarten av praksisoppholdet – er fokuset i opplæringa at mentor får forståelse for kva mentoroppgåva går ut på og korleis mentor og verksemda kan legge til rette for at praktikanten får ein best mogleg introduksjon til den nye arbeidsplassen, nye kollegaer og arbeidsoppgåver.

I den første fasen av praksisopphaldet vil mentor få opplæring i:

  1. Kva er språk- og arbeidskulturpraksis?
  2. Kva er mentoren si rolle (overordna)?
  3. Nyttige tips for den fyrste tida

 

1. KVA ER SPRÅKPRAKIS?

Språk- og arbeidskulturpraksis er ein del av norskopplæringa som flyktningane får i introduksjonsprogrammet, der deltakaren får tilbod om å snakke norsk utanfor klasserommet gjennom praksisplass i ei privat eller kommunal verksemd.

Praktikanten vert fylgt opp av ein lærar frå  Volda Læringssenter og ein jobbmentor hos praksisverksemda.

Målet for perioden i språk-og arbeidskulturpraksis er at praktikanten:

– lærer norsk på en rask og effektiv måte
– lærer om skrivne og uskrivne normer, regler og kultur på en norsk arbeidsplass for dermed å bli betre rusta til å lykkast med ei
arbeidskarriere i Norge
– får jobberfaring frå norsk arbeidsplass
– får referanser og nettverk i Norge

2. KVEN ER MENTOR OG KVA ROLLE HARHO/HAN?

Mentor er ein utvald person i verksemda som fyl opp praktikanten i det daglege. Verksemda må sjølv finne ut kven som skal vere mentor for språkpraksiskandidaten.

Det er viktig at  mentor er motivert for å ta på seg denne oppgåva.

Mentoren si oppgåve er å fylje opp praksiskandidaten på ein måte som medverkar til  rask og effektiv språklæring og opplæring i skrivne og uskrivne normer, reglar og kultur på norske arbeidsplassar. Ein annan viktig bit av oppfølginga er å legge til rette for at praktikanten blir inkludert sosialt og vil trivast.

Korleis mentoroppgåvene vert utført og opplegg for dette vil variere frå praksisverksemd til praksisverksemd. Men det er viktig at du som mentor:

  • Gir praktikant ein god velkomst første dag(ane) på den nye arbeidsplassen
  • Syter for at praktikant blir vist rundt i verksemda og  vert presentert til dei andre tilsette ila de første arbeidsdagane
  • Set av tid til å snakke med praktikanten
  • Gir praktikanten konkrete arbeidsoppgåver som har ein naturleg progresjon og som gir praktikanten tilpassa utfordringar i praksisperioden.
  • Gir praktikanten informasjon om arbeidet han eller ho skal utføre og korleis dette skal utførast og om rutinar og skrivne og uskrivne reglar på arbeidsplassenFor å unngå frustrasjon hos deg og dine kollegaer er det lurt at du så tidleg som mogleg i mentorløpet avklarar med din næraste leiar kva du skal gjere/ikkje gjere i samband med dine oppgåver som mentor:- Kva er dine konkrete arbeidsoppgåver i forhold til oppfølging av praktikanten?
    (kva for oppgåver skal du ha som mentor – og kva for oppgåver har du ikkje?)- Kor mye tid skal du bruke på mentorrollen – om dagen, pr. veke, pr. månad?

 

3. NYTTIGE TIPS FOR DEN FØRSTE TIDA

For at du og dine kollegaer skal være best mogleg budd til å ta godt imot ein ny kollega så kan det være lurt at du tenkjer gjennom korleis du vil ta imot praktikanten den første tida din nye kollega er i verksemda.

Første dag ­‐ vær klar

Still deg sjølv spørsmålet – Korleis vil du gjennomføre mottakinga?

F.eks. kort samtale først, så vise rundt i verksemda og introdusere ny medarbeidar til dine kollegaer? Tenk gjennom kva og kven den nye medarbeidar skal introduserast til første dagen og andre dagar den første tida hans/hennar på arbeidsplassen.

Fyrste samtale -­ det er vanleg at  den fyrste samtalen med praktikanten vert gjennomført saman med ein representant frå læringssenteret. Men det kan vere greitt å ha førebudd litt  kva de skal snakke om.

Kva treng å være klart når den nye praktikanten startar?

(Treng han eller ho nødvendig utstyr og arbeidstøy?)

Sjekk konkrete nyttige tips i vedlegga:
(kan lastast ned direkte til din pc/mobil frå link i høgre sidekolonne)

“TIPSLISTE 1 – Introduksjon til arbeidsplassen for språkpraksiskandidatar” og
“TIPSLISTE 2 – Den fyrste samtalen mellom mentor og praktikant”

Fyrste samtalemøte mentor- praksiskandidat

Det er viktig at praktikanten blir tatt godt imot fyrste dagen.

For all del -­ husk at den nye medarbeidaren ikkje skal overlatast til seg sjølv den fyrste arbeidsdagen!

Eit godt råd er at du gjennomfører en ein-til-ein samtale med din nye kollega fyrste arbeidsdag. Om du gjer det før eller etter du har tatt en vise-rundt runde er opp til deg sjølv.

Det er ikkje nokon fasit på kva de skal snakke om på fyrste møtesamtale.

Det viktigaste er at de blir litt kjende og at både du som mentor og praksiskandidaten blir trygge på kvarandre.

Det er du som er mentor og du legg føringar for samtalen. Lista av samtaletema er uendeleg.

I tillegg til moment skrive ned i vedlegget «TIPSLISTE – Introduksjon på arbeidsplassen» så er det fleire «mjuke tema» som kan være smarte å starte med for å bygge tillit.

Det er en kunst å føre en god samtale.

Et par gode tommelfingerregler er:

  • Det er DU som leiar samtalen
  • Ha ein åpen og fordomsfri innstilling til den du snakka med og i kva retning samtalen tek.
  • Tenk på at den du skal snakke med kan være beskjeden eller av andre årsaker ikkje er så interessert i å snakke akkurat no. Vær sensitiv!
  • Det kan være lurt å sette av eit fast tidspunkt regelmessig, minimum 1 gang kvar 14.dag, der de snakkar gjennom forhold som er viktige – jamfør TIPSLISTE 1 og 2.

Sjekk konkrete nyttige tips i vedlegga:
(kan lastast ned direkte til din pc/mobil frå link på denne sida)

“TIPSLISTE 1 – Introduksjon til arbeidsplassen for språkpraksiskandidatar” og
“TIPSLISTE 2 – Den fyrste samtalen mellom mentor og praktikant”

Gradvis introduksjon til arbeid og arbeidsoppgåver

Det kan være vanskeleg for den nye medarbeidar å huske all ny informasjon på ein gong. Særleg informasjon som ein får på eit framandt språk.

Difor vil det være lurt at introduksjonen skjer gradvis – mest truleg må ting gjentakast fleire gonger.