Om Jobbmentor.no

JOBBMENTOR er ei mentordning for verksemder i Volda og Ørsta kommune som tilbyr språkpraksisplassar for personar med innvandrarbakgrunn. Mentorordninga femnar både opplæring, vegleing og oppfølging av mentorar, språkpraktikantar og programrådgjevarar ved Volda Læringssenter.

Mentorane

Mentorane i denne Jobbmentorordninga er personar tilsett i språkpraksisbedrifter som fyl opp språkpraksiskandidatane i det daglege.

Språkpraktikanten

Språkpraktikanten er flyktningar som gjennom introduksjonsprogrammet til det lokale læringssenteret har språkpraksisplass i verksemdene.

Programrådgjevarane

Programrådgjevarar ved det lokale læringssenteret er kontaktperson mellom læringssenteret og praksisbedrifta i alle forhold knytt til språkpraktikanten .

Mentorrolla

JOBBMENTOR skal gjere mentorar i språkpraksisbedrifter tryggare i mentorrolla gjennom grunnleggande, god opplæring i kva mentoren kan gjere for at flyktningen kan få enda betre utbytte av opphaldet praksisopphaldet sitt.

Språkpraksisverksemda

For språkpraktikanten vil deltaking i JOBBMENTOR-­‐ordninga bety at dei blir teke i mot og tekne i vare på ein god måte og får best mulig utbytte av opphaldet i språkpraksisverksemda.

Portalen

Portalen jobbmentor.no inneheld mellom anna verktøy og ressursar mentoren kan bruke for at praksisopphaldet for skal gi best mogleg utbytte for praktikanten, i form av at han/henne får rask og effektiv språkopplæring, får god innsikt i arbeidslivets skrevne og uskrevne reglar samt får støtte til å komme seg inn i norsk arbeidsliv.

Kven står bak Jobbmentor?

Mentorordninga JOBBMENTOR er tilrettelagt av Høgskulen i Volda, Inclusion AS og Volda læringssenter (Volda kommune).

Prosjektet er finansiert av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).